Fredag
kveld opna det
heile på Breheimsenteret
med ei føredrag
av Cand.Philol
og amanuensis
i folkemusikkvitskap
/ etnomusikologi
ved Universitetet
i Bergen, Ingrid
Gjertsen. Ho
sette Ragnar
Vigdal og tonane
hans inn i ein
større
samanheng. Samstundes
starta songkurset,
som gjev deltakarane
ei innføring
i Ragnar Vigdal
sin måte å synge
dei gamle tonane
på.
Så var
det klart for
tre band på Breheimsenteret.
Fyrst ute var
Funk Odyssey,
eit Sogndalsband
med musikk
i grenselandet
mellom jazz/funk
og rock, nærast
fusion. Svært
unge og svært
dyktige musikarar.
Etter dei kom gjengen frå Norsk Bluegrass Kommando.
Og med Jan Flaaten og Bjørn Berge i kjempeform
vart det livleg. Ikkje berre spelte dei bluegrass,
dei kvidde seg ikkje for å dra til med både
AC/DC og Motorhead. Kvelden vart avslutta med Bineri,
eit Jostedalsband med tre svært unge og ein
ikkje fullt så ung. Hardt og drivande godt,
og det er ingen løyndom at både Berge
og Flaaten sto og applauderte høglydt. Uttrykket
fullt hus og stormande jubel er ein klisjè,
men klisjèen er dekkande i dette tilfellet.
Laurdag
opna med konsert
på Breheimsenteret.
Denne konserten
synte at gamle
folketonar
ikkje tek skade
av å få ny
innpakning.
Medan både
Klaus Vigdal
og Asbjørg
Ormberg song
Vigdal-songar
uendeleg vakkert
og gripande
som den gamle
meistaren gjorde
det, tok Klaus
og sonen Erling,
saman med Arvid
Elvekrok, Arve
Lomheim, Asbjørn
Handeland,
Tor Magne Kvamsdal,
Jan Rolf og
Pål Loftesnes
tråden
vidare, og
drog på med
moderne sound,
og det let
svært
bra.
Til slutt kom så Knut Reiersrud, og trollband
alle med fenomenalt gitarspel. Han får ein
gitar til å likne på både hardingfele
og langeleik, og utan å bremse går han
rett over i amerikanske bluestonar.
Denne laurdagen vart ei stor oppleving for publikum,
som var så mange at det var rett før
dørane måtte stengast.
Laurdag
kveld var det
så Jostedal
hotell som
var arena.
Knut Reiersrud
spelte også eit
sett der, og
etter han kom
eit av dei
beste livebanda
i landet, nemleg
The Tramps.
Irsk-inspirert
musikk blanda
med countrylåtar,
utført
av verkeleg
dyktige musikarar
med eit fantastisk
trøkk
og sann speleglede.
Ikkje rart
at salen kom
i kok.
Og
søndag
avslutta Elias
Akselsen Blåe
tonar under
breen 2004
med ein gripande
vakker konsert.
Les
meir om
Blåe
tonar....
Sjå bilete
frå konsertane..... |