TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar


Blåe tonar under breen 2003
– ei kort oppsummering

Fredag den 29.8
Ungdommens kommunestyre stod bak den politiske debatten med ungdomspolitikk som tema. Det møtte fram om lag 60 tilhøyrarar, og alle listetoppane var tilstades (med eitt unntak). Dei opprivande diskusjonane vart det velaldri, men debattleiarane Anette Stegegjerdet og Finn Roar Skare gjorde ein fin jobb.
Debatten markerte starten på "blåe tonar under breen", og fokuset på ungdom høvde godt til konserten med ungdomsband seinare på kveld.

”ungdommen trør til” var tittelen på konserten seint fredag kveld. Det var nok over 150 menneske innom dørene, mange av dei heilt ned i 16-års alderen. Banda gjorde ein svært solid innsats. For desse banda er det viktig å ha ein scene der dei kan få framføre musikken sin. Stemningen nådde store høgder og kvelden vart avrunda med Absolute blues.

Fredag starta og songkurset i Ragnar Vigdal sin songtradisjon. Kurset gjekk heile helga med Klaus Vigdal og Asbjørg Ormberg som dyktige kursleiarar. Deltakarane var svært interesserte og vil gjene ha fleire kurs i ei slik råme. Deltakartalet kunne ha vore større.

Laurdag den 30.8
Måleriutstillinga ”musikalske måleri” opna på Jostedal hotell kl 12.00, med mykje interessert publikum. Kunstnaren Roald Grimsø sa nokre ord om tankane bak utstillinga og Erling Vigdal og Tor Magne Kvamsdal spela blues.

Konserten ”dei gamle tonane er so fine” på Breheimsenteret vart ei vakker oppleving for eit stort og lydhøyrt publikum. Oppbygginga av konserten, frå den opprinneleg måten å syngje dei relegiøse folketonane på og til meir moderne uttrykksformer, fungerte svært godt. So var no og våre lokale artistar både dyktige og inspirerte.
Eriksen trio, med gitar, mandolin og Rita si praktfulle røyst gjorde ein solid konsert, samstundes som det var godt å høyre Rita Eriksen sitt inntrykk av opphaldet i Jostedalen. Ho rosa arrangementet opp i skyene, noko som gjev lyst til å planlegginga for neste år.
Breheimsenteret var fullt, med 140 personar innom dørane.

Etter konserten vart måleriutstillinga ”sognalandskap” opna på Breheimsenteret. Det er ei salsutstilling med landskapsmåleri av kunstnaren Roald Grimsø. Utstillinga skal vere oppe heile september.

”blå natt under breen” på Jostedal Hotell laurdag kveld var utseld ei god stund på førehand. Dette vart også ein stor musikalsk suksess, med inspirerte musikarar. Absolute blues opna, så var det Eriksen trio sin tur, og så spela Eriksen trio og Absolute blues to låtar saman, som om dei hade spelt i lag i fleire år.

Til slutt tok Bjørn Berge eit entusiastisk publikum med på ei heidundrande reise i sitt musikalske landskap. Han utvida like godt settet sitt til to stive klokketimar, og at ein einsleg mann kan lage so mykje musikk berre med gitar er utruleg. Stor kunst og tilsvarande stemning blant dei 250 som pressa seg saman framfor scena.

Og endeleg:
Arrangementet gjekk svært smidig føre seg, takka vere stor innsats frå mange. Likevel, Erling Vigdal har i ein særstilling vore den som har lagt ned mest arbeid.
Veret var på arrangementet si side, og skapte ei flott ramme. Alle konsertane heldt eit svært høgt nivå, og settte ein standard for "blåe tonar under breen".

Fylkesarkivet gjorde opptak laurdag og eit filmteam frå NRK gjorde opptak både fredag og laurdag.
Økonomien i tiltaket er under god kontroll. Offentlege tilskot og private sponsorar er likevel heilt naudsynte for å få dette til å fungere. Det er grunn til å rette stor takk til sponsorar og andre bidragsytarar. Dei viser vilje til å få i stand positive tiltak. Alt arbeid med arrangementet er gjennomført på dugnad, men artistar , reiser, annonsering og tilrettelegging kostar pengar. Storleiken på lokala set visse grenser for kor mykje folk det er plass til. Konserten ”blå natt under breen” laurdag kveld kunne sikkert hatt 300 fleire innafor dørane skal ein dømme etter telefonar og pågang på førehand.
”blåe tonar under breen”, som mange sa var eit godt namn, er no godt kjent i regionen. Marknadsføringa var god, og NRK på direkten frå Jostedalen fredag den 29. var viktig. Kanskje kunne vi ynskt litt meir i SA etterpå, men, men. NRK burde sjølsagt vore vakne og gjort opptak på ”dei gamle tonane er so fine” laurdag ettermiddag.

Takk til alle frå arrangørane:
Absolute blues, Jostedal Bygdalag, Jostedal Spel- og dansarlag, Sogn og Fjordane folkemusikklag, Jostedal hotell, Breheimsenteret.

 

Klikk på bileta for større versjonar!

unge rockarar

Unge rockarar frå Hafslo

Eriksen trio

Eriksen trio, frå venstre Frank Eriksen, Rita Eriksen, Stian Tønnesen

Klaus og Erling Vigdal

Frå venstre Gro Bremer, Erling Vigdal, Klaus Vigdal

Absolute blues med Eriksen trio

Absolute blues saman med Eriksen trio

Bjørnn Stringmachine Berge

Bjørn Berge tok publikum med storm