TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar

I 2013 er det tiårsjubileum for Blåe tonar under breen. Eigentleg er det 11 år sidan det starta, men i 2012 var som kjendt Breheimsenteret brunne ned, slik at det vart eit mindre arrangement då. Derfor kjem det eit skikkeleg jubileumsarrangement litt forseinka i det nye Breheimsenteret no den 20. og 21. september.

Årets konsertar er som eit jubileum skal vere, noko nytt og men mest noko av det beste som de har høyrt før. Alle musikarane som skal delta har gitt uttrykk for at dei gler seg til å spele i det nye Breheimsenteret, og dei gler seg til å møte publikummet i Jostedalen som «alltid er bra». Arrangørane gler seg også, dette vert stas. Litt om artistane:

Rita Eriksen stiller med band på Blåe tonar under breen 2013. Rita Eriksen vann NRK si storsatsing «stjernekamp i vinter» og er kanskje den mest populære kvinnelege artisten i landet. Rita Eriksen har eit breitt reportoar, og har vunne det som kan vinnast av prisar. Om Rita heiter det:
"Etter å ha gått til topps i NRKs Stjernekamp i fjor høst, kan Rita nå smykke seg med tittelen "Norges Ultimate Entertainer"! Det er en tittel som har fått fart på konsertvirksomheten i år. Og det i et år hvor hun feirer 25 års-jubileum som artist! Rita jobber nå med et nytt album som er planlagt utgitt høsten 2013. Det jobbes med egenkomponert materiale, og utover høsten vil noen av låtene bli å høre på hennes konserter!"

nrwy er eit band med musikarar frå Sogn og Fjordane (stort sett). Dei har spelt saman i eit par år no, og kom med vinylplate i vår. Eit band som spelar sjølvlaga musikk. I platemeldinga til groove.no står det mellom anna:
"Med nye venner har Erik Grov erstattet lettkledd pop med tradisjonell klassisk amerikansk rock, gjerne kalt retro-rock, ikke ulikt det Big Bang holder på med. Om Erik Grov ikke er på Øystein Greni-nivå ennå, så viser han på Negatives at talentet er til stede. Grov står bak alle låtene, enten alene eller sammen med andre i NRWY.
Åpningssporet har deilige REM-referanser anno Fables of the Reconstruction/Life's Rich Pageant-perioden (da R.E.M. kanskje var på sitt beste, red anm), spesielt i refrenget der Erik Grov og Lill Katrin Bødal møtes i flotte vokalharmonier med spor av svunnen storhet og bankende åttitall" 

Tramps er eit band som har spelt saman sidan 1994. Dette er dyktige og erfarne musikarar som spelar «irskinspirert musikk» eller «irsk folkemusikk». Mange vil hevde at dei er det bandet i Noreg som er best til å tolke og framføre irsk musikk. Tramps kombinerer også element frå rock and roll med harmoniar og rytme dei finn i keltisk musikk. Tramps har tidlegare gjesta Blåe tonar under breen.

To purke og ein gris er ei gruppe av unge lokale musikarar (med eit litt eldre komp) som har spelt saman i vel eitt år. Gruppa består av Henning Lad (gitar og vokal), Norill Therese Norheim (toradar) og Mathilde Skjæret (hardingfele og fele). Dei spelar moderne folkemusikk og har eit repertoar som strekker seg frå Staut og Odd Nordstoga til band som Coldplay og Uriah Heep. Henning og Norill har delteke i landsmønstringa til UKM og Mathilde har vunne konkurransar på fylkeskappleiken og landskappleiken.

Helldorado
Helldorado er eit band frå Stavangerregionen som spelar variert rock med innslag av folk. Det meste er sjølvlaga, og det er alltid store vokalprestasjonar. Om Helldorado heiter det:
"Helldorado har turnert i mange europeiske land siden 2002. Bandet har gitt ut flere plater med gode kritikker. Mest oppmerksomhet har bandet fått i Tyrkia. I 2008 ble en tyrkisk versjon av bandets låt «A drinking song» fra albumet The Ballad of Nora Lee brukt som offisiell EM-låt for det tyrkiske fotball-landslaget."

Tonereise stiller med venene sine på dagskonsert også på årets Blåe tonar. Tonereise har teke vigdalstradisjonen vidare, med dei har og det opprinnelege i Vigdalstradisjonen med i sin konsert. Tonereise har gjeve ut fleire plater dei siste åra. Ein av venene som skal delta på konserten er Rita Eriksen.

KJØP BILLETTAR hos:
Breheimsenteret og Jostedal hotell
frå 5.august

everk bank
blanderiet
AH Bygg AS
lmi
kommune avery

Lie Entreprenørservice AS

Stjerne Bygg AS