TIL FRAMSIDA
Blåe tonar
dette er blåe tonar
blåe tonar 2011
blåe tonar 2010
blåe tonar 2009
blåe tonar 2008
vinter 2008
blåe tonar 2007
vinter 2007
blåe tonar 2006
Jonas Fjeld 2006
blåe tonar 2005
Roy Rogers 2005
blåe vintertonar 2005
blåe hausttonar 2004
blåe tonar 2004
blåe vintertonar 2004
blåe tonar 2003
Overnatte i Jostedalen
Epost til blåtonar

Me er stolte av å ha med desse artistane i år:

Knut Reiersrud
Dei to konsertane i Jostedalen er heilt i starten av lanseringsturnèen for Reiersrud si nye plate, "Pretty Ugly". Plata har fått strålande kritikkar over alt, og blåtonefolket kan berre gle seg til dette.
Knut Reiersrud er utan tvil ein av dei mest sjanger- og grensesprengande musikarane me har i Noreg. Han hentar inspirasjon fordomsfritt frå blues, folkemusikk av mange slag og kyrkjemusikk.
Dei siste par åra har han konsentrert seg om tre hovudband: Sitt eige elektriske bluesband, i den andre enden av spekteret ein akkustisk kvartett med mange strenger, og kyrkjekonsertar saman med Iver Kleive på orgel.
Til Jostedalen kjem han åleine, og det betyr at gitaren definitivt kjem i fokus. Me snakkar her om ein av dei desidert fremste bluesgitaristane i landet, og samstundes ein av fremste formidlarane av folkemusikalske tonar.
Visste du forresten at når Reiersrud skal forklare utanlandske musikkvener kva som er det mest særmerkte musikalske uttrykket frå Noreg, så gjev han dei ein kassett med Ragnar Vigdal?
Les kva pressa skriv om den nye plata hans, "Pretty Ugly":
TV2/Nettavisen - VG - Fædrelandsvennen - Oslopuls - Adressavisa
Sjå heimeside: www.knutreiersrud.no

The Tramps
Stavangergruppa The Tramps starta eigentleg med irsk folkemusikk, men i dag femner musikken deira mykje vidare. Dei seinare åra har dei også lete seg inspirere av c&w, så du må ikkje bli overraska om dei dreg til med songar av Johnny Cash. Dei kombinere også element frå rock med keltiske rytmer og harmoniar. Dubliners, Waterboys og Pogues er tydelege inspirasjonskjelder. Siste plata deira er ei samleplate som kom tidleg i mai, "Best of the Tramps". For dei som var på "blåe tonar..." i fjor, er det verd å merke seg at to av musikarane i Eriksen Trio også er med i The Tramps, nemleg Stian Tønnesen og Frank Eriksen.
Rune Larsen: vokal
Stian Tønnesen: mandolin, banjo, backing vokal
Hans Wassvik: bass, didjeridoo
Frank Eriksen: gitarar
Dag Sindre Vagle: bouzouki, fløyter, vokal
Morten Jackman: trommer, perkusjon
Sjå heimeside: www.thetramps.no

Norsk Bluegrass Kommando
Bluegrassband som spelar AC/DC?? Ja, det fell heilt naturleg for denne gjengen, med gitarguru Bjørn Berge på banjo.
Bandet er frå Haugesund, og dei er drivande gode. Dei starta eigentleg som gutungar i 1982, utan at bluegrassmusikk var særleg populært. Etter kvart vart det eit band, dei kalla seg Godtfolk, og spelte på småstader rundt Haugalandet. Seinare vart til Norsk Bluegrass Kommando, spelte på festivalar som Down on the Farm, men tok pause i 1997, men frå 2001 var dei attende for fullt. Fleire av musikarane syslar like mykje med blues, og det musikalske slektskapet er tydeleg. Bluegrassmusikken fekk stor merksemd og eit kraftig oppsving over alt etter filmen "Oh brother, where art thou" i 2000, der bluegrass sto sentralt.
Jan Flaaten -Gitar/sang
Bjørn Berge -Banjo/sang
Tor Egil Berge -Kun bass
Håkon Askeland -Mandolin/sang
Nils Eide -Gitar/sang
Sjå heimeside: www.stringmachine.no/nbk

Elias Akselsen
Det er nok å sitere Håkon Gebhardt i rockebandet Motorpsycho. Han snakkar om Akselsen si plate "Hjemlandsklokker - Religiøse Taterviser", som kom ut i 2002:
"- Den kjøpte jeg på den siste turneen. Det er musikk som heller ikke kan beskrives, det er så følelsesmessig at det gir meg gåsehud på ryggen. Det er en vanvittig lengsel i stemmen på Akselsen, selv om jeg ikke er religiøs, så kan man nesten bli det av å høre hvordan denne mannen strekker seg mot himmelen."
Elias Akselsen skal syngje i Jostedal kyrkje søndag 29. august. Det blir ei oppleving. Les fleire platemeldingar HER.

Klaus og Erling Vigdal
son og soneson av Ragnar Vigdal.
Både Klaus og Erling har teke opp arven etter faren og bestefaren. Dei har fått songen hans inn frå dei var små, og lært seg måten Ragnar song på. Klaus er i dag ein av dei fremste utøvarane av faren sine songar. Erling spelar også gitar i Absolute Blues.

Asbjørg Ormberg
Ein av dei fremste utøvarane av vokal tonekunst i landet. Asbjørg framfører songen i Vigdaltradisjonen på ein framifrå måte. Ho er sjøl busett i Jostedalen, og har henta inspirasjon frå både naturen og kulturen i bygda. Ho har lært Ragnar Vigdal sin song direkte frå meistaren, og har knapt sin make når det gjeld å formidle dei merkelege tonane.

Arvid Elvekrok
Eminent gitarist frå Jostedalen, som er like komfortabel med Jimi Hendrix som med Ragnar Vigdal sine tonar. Innleving og speleglede gjer at publikum vert fanga av musikken. Han har spelt i mange band opp gjennom åra, som Infidels og Absolute Blues

Bineri

Unge men erfarne musikarar frå Jostedalsområdet. Dei spelar rock frå øvste hylla, så gjer deg klar til AC/DC og Iggy Pop. Det kan godt hende du får høyre deira musikk, saman med eit solid utval sjøllaga låtar..
Erik Grov, gitarar og vokal
Anders Olav Ese, gitarar og vokal
Raymond Sviggum, trommer
Einar Ese, bass

Funk Odyssey
Funk Odyssey spelar funk/pop/rock/jazz, og spelar sjøllaga låtar i tillegg til cover.
Dei er inspirerte av artistar som D'Sound, Jamiroquai og Mezzoforte. 
Tone Damli Aaberge: Vokal
Theodor Barsnes Onarheim: Bass
Andreas Sande: Keyboard
Andreas Barsnes Onarheim: Gitar
Jon Bolstad Trommer/Perkusjon
Svenn Ove Dyrdal: Trommer/Perkusjon

Klikk på bileta for større versjonar!
Knut Reiersrud
The Tramps
Norsk Bluegrass Kommando
Bineri
Absolute Blues
Arvid Elvekrok
Funk Odyssey